Resultat Island Offshore seilas H5

Resultat Island Offshore seilas H5

Nok ein onsdag med lite vind. Fint ver, men mange ønsker seg nok litt meir vind framover. Nordaust vind 2-3 msek.

10 båtar stilte til start, mange om beinet rundt startbåten. Det vart levert protest, men då det ikkje var vitner til situasjonen så falt protesten på ord mot ord.

For at seilasen ikkje skulle trekke altfor lenge ut, så vart det avkorting etter første lenselegget ved Byholmane. Samling på Borgarøya som vanlig med bra oppmøte - takk til alle som tek turen innom øya for sosial samling.

Dagens vinnar vart Grøyven, fulgt av Grid og Excalibur. Vi gratulerer alle 🙂

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift