Rundeseilasen 2022

Ein fantastisk flott dag på sjøen! Veldig friske forhold, men bra ver og ei variert bane. Raskaste båt Excalibur fullførte rett under 2,5 time. Det vart seilt bane B, som vil seie at det lengste ein var nordover var runding av Ertenskjær på sørspissen av Grasøyane. Totalt stilte 8 båtar, derav 2 fekk udramatiske utstyrsutfordringar som gjorde at dei måtte bryte. Det stilte to båtar utanfrå Ulstein Seilforening. Alltid kjekt med interesse utanfrå.

Etter seilasen vart det gjennomført ein trivelig seilfest på Vikholmen, med god deltaking.

Alle båtar stilte uten spinnaker, og med sørvestlig vind med kraftige kast var det ei klok beslutning. I dei verste kasta var det målt opp i 30 knops vind.

1. plass Putte

2. plass Excalibur

3. plass Grøyven

Vi gratulerer alle med vel blåst seilas!

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift