ULSTEIN SEILFORENING

1974

1974

LITT OM KORLEIS USF VART STARTA I 1974

Av Peter Reite

På starten av 70 tallet var familien min ofte på besøk i helgene hos onkel Knut og tante Svanhild. Dei bodde nær sjøen i «Straumen» i Flusund, som ikkje er så langt frå Fosnavåg. Onkel Knut var saman med sin bror reder og skipper. Dei hadde to kraftblokkbåtar, «Remøybuen»og «Knut Hansen».

Kaia og sjøbudene låg rett nedanfor huset i Straumen. Det var også eit båthus på enden av eine sjøbuda, der det var fleire livbåtar og notbåtar som ikkje var i bruk. Eg var alltid ein tur dit når vi var på besøk hos tante og onkel. Det var spesielt ein livbåt som eg likte svært godt, og drømte meg vekk om korleis denne båten kunne bli seglbåt. Onkel hadde nok lagt merke til interessa mi for livbåten, og ein dag sa han at eg skulle få båten. Gleden var stor, og båten blei slept heim til Ulsteinvik. Med på lasset var det segl og div. utstyr som eg fann på sjøbuda til onkel.

John Hatløy og Håvard Ulstein var med når vi forsøkte å rigge båten slik vi meinte den burde vere. Kunnskapen var nok ikkje den beste, men pågangsmotet var det ingenting i veien med. På ei sjøbud fann vi ei mast som eg trur var 6,9 meter, og denne meinte vi passa perfekt. Storseglet vart sydd på ein del slik at det skulle passe til masta. Båten fekk også bauspyd, og blei rigga etter det vi meinte var rett. Båten, som fekk namnet Leon, segla svært dårleg. Det var selvfølgelig ingen skikkeleg kjøl på båten, og eg trur vi rodde like mykje som vi segla den første tida.

Inne på fryseriet på Saunes låg det ein annan livbåt som nok var i dårlig stand. Vi hadde problem med festet på roret, og gjekk inn på fryseriet for å sjå korleis roret var festa på denne. Der traff vi Hans Justus Braarud som også såg på båten. Vi fortalde om vårt prosjekt, og ganske snart foreslo Hans at vi burde starte ei forening i håp om at fleire ville fatte interesse for segling, og kanskje kunne vi klare å skape eit seglarmiljø? Vi var umiddelbart enige i at dette var ein god ide, og at vi måtte forsøke å få det til. Det var nok Hans Braarud som organiserte og ordna det meste. Vi møtte opp, og forsøkte å få med så mange som muleg. Uten Hans sin innsats og engasjement hadde det nok ikkje blitt noko av seilforeninga den gongen.

Vi fekk halde medlemsmøta på Hatlø mekaniske, og det var også der vi monterte optimistjoller på dugnad. Vi fekk også besøk frå Ålesund seilforening, og dette var til stor inspirasjon. Nokre gongar segla/ rodde vi Leon til Hatlø mekaniske når det var møte i foreninga. Vi kunne gått eller sykla på ein brøkdel av tida vi brukte, men vi «brann» virkelig for dette med segling og USF. Sidan Leon segla så dårleg måtte vi ha ein kjøl. Ved hjelp av fleire kameratar fekk vi drege båten på land på Store Vikholmen der Aktivitetshuset ligg idag. Vi snudde båten med kjølen i veret. Asbjørn Osnes, som var snikkar på Ulstein mekaniske, hjalp oss med å montere langkjøl på båten. Den blei laga av 2 stk. 2toms x 8toms plank med jernbeslag i forkant. Det blei bora inn kjølboltar, og kjølen blei laga etter alle kunstens reglar av ein fagmann. Vi laga alle beslag og feste sjøl, og fekk god hjelp på Ulstein mekaniske. Det vil seie at vi fekk fort hjelp når vi skulle sveise eller bøye eit eller anna, for dei såg vel at kunnskapen ikkje var den beste. Vi «fann» også ein bit av ei tjukk jernplate som vi fekk sveisa feste på. Denne blei montert på den nye kjølen.

Vi var fornøgde med resultatet, for båten kunne seglast sjøl om vi måtte ha mykje vind. Det blei mange turar, for det meste på Lyngnesvika. Vi kom sjeldan lenger, men alle i Vik såg sjølvsagt våre forsøk på å nytte vinden til framdrift. Ein gong det bles godt og Lyngnesvika gikk kvit, klarte vi etter mykje strev å krysse oss heilt ut på Søyla utanfor Snæingen. Vi hadde oppe alt av segl, og lensa tilbake til Vik. Vi hadde litt problem med styringa, for baugen på Leon låg tungt i sjøen på grunn av den sterke vinden, og det var berre halve roret som var i sjøen. Det var einaste gongen vi segla forbi nokon, då vi passerte ei snekke som var på tur til Vik. Karane på kaia på Hatlø mekaniske heia og klappa då vi passerte snekka. Trur dette var einaste gongen vi var litt redde for at ting kunne gå gale. John fortalde etterpå at han ikkje kunne symje, men eg trur det var ein av gongane vi brukte flytevest.

Seinare fekk Håvard ein skikkelig seglbåt. Det var ein Yngling som vi meinte segla som ein rakett. Det var eigentleg dette som var seglbåt. Leon blei etterkvart lite brukt, og eg gav den vekk eller solgte den veldig billeg. Den endte sine dager i fjøresteinane i Ottavika ein stormfull dag. Uansett var nok Leon den første båten i USF, og vi lærde mykje den tida vi heldt på med rigging av båten.

Vedlegg: Bilde av Leon.







ULSTEIN SEILFORENING

c/o Vikholmen aktivitetshus

Sjøgata 78

6065 ULSTEINVIK

Kontonummer: 3910.28.80300

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift