Jolle
Så kom vinden!
Forfatter: Frode Hofseth
10. september 2025
Forside

Strålande dag på Lyngnesvika med sørleg vind, og til dels mykje vind. Full runde på bane 5 med sørleg start. På 2. runde stilna vinden litt, men alle kom seg greit i mål. Ein båt med tjuvstart, men det vart tatt straff, så alt ok. Gøy med 11 båtar utpå, og alle kosa seg i vinden.
Til dels tett mellom nokre båtar på resultatlista. Sigvaldson vann med 12 sekund margin til Excalibur, og Grøyven 3. plassen med 11 sekunds margin… Vi gratulerer alle!
Bildet viser Sigvaldson og Maija i lite vind ved kryssmerket.
