IOR V8
Forfatter: Harald Notøy
17. juni 2026
Siste onsdag i vårserien gjennomført i lite vind men likevel nok til at ein fekk fullført på ein god måte. Det vart seilt bane 3, som passa fint til forholda. Denne gongen var det Drambuoy med Erik Leenders som fersk reder som tok ein klar siger!! Resten av pallen tok Excalibur og Maija seg av. Vi gratulerer!
Vi minner om avslutningsseilasane på laurdag: Tre kjappe seilasar som skal avgjere serien. Om vi får fullført som planlagt, vil det vere dei fire dårlegaste plasseringane gjennom serien som alle får stryke. Det kan gi store muligheiter for endringar på resultatlista. Her er også resultatliste sammenlagt så langt i serien. Det er her lagt inn 1 stryk av dårlegaste resultat. Velkommen til kjekk seilas på laurdag!
Arkivbilde av vinnarbåten i litt friskare forhold. Artikkelen er kopiert frå FB-sida vår.