Så kom vinden!
Strålande dag på Lyngnesvika med sørleg vind, og til dels mykje vind. Full runde på bane 5 med sørleg start. På 2. runde stilna vinden litt, men alle kom seg greit i mål. Ein båt med tjuvstart, men det vart tatt straff, så alt ok. Gøy med 11 båtar utpå, og alle kosa seg i vinden.